Praktisk Info
Pakkeliste:
Her er det me i Kvam E-sport tenkjer kan vera lurt å ha med seg
- 🖥️ Gaming-utstyr
- PC, laptop eller konsoll
- Skjerm
- Tastatur, mus, headset og eventuelt kontrollar
- Alle nødvendige kablar (HDMI, straum, nettverkskabel, ladarar osv.)
- Skjøteledning med fleire uttak (Kvar deltakar får eit uttak frå oss og må difor ha med seg eigen skjøteledning)
- 🪑 Komfort
- Gamingstol (sterkt anbefalt!)
Deltakarar utan eigen stol får ein vanleg stol frå hallen, men dei er ikkje like komfortable. - Teppe eller hettegenser (det kan bli kjølig om natta)
- 🥤 Mat & drikke
- Drikkeflaske
- Litt snacks eller enkel mat
(Me har kiosk på LANet med sal av mat og drikke) - 📱 Annet nyttig
- Mobil + lader
- Øyreproppar (om du vil sove i salen)
- Toalettsaker (tannkost, deodorant osv.)
- Sovepose / liggeunderlag / luftmadrass (om du skal sove i hallen)
Programet finner du på her
Treng du å låna utstyr? Fyll ut skjemaet her så ser me om me har utstyr tilgjengeleg!
🧑⚖️ Reglar & tryggleik
- Alkohol og rusmidlar er strengt forbode.
- Ver grei med andre – mobbing og trakassering tolererast ikkje
- Ver snill å ikkje rør andre sitt utstyr utan samtykke – Du er og ansvarleg for ditt eige utstyr
- Filming og bildetaking av andre deltakarar utan samtykke er strengt forbode
- Følg beskjedar du får frå vaktane
- Hald ro i hallen etter kl. 23.
- Ved brann eller evakuering: følg vaktane sine instruksar.
- Crew og vaktar er alltid tilgjengelege dersom du treng hjelp.
Inn og utsjekk
Når du forlet eller ankommer hallen skal du registrere deg hos vaktane i kiosken. Dette er for å ha kontroll over kven som er i hallen og ikkje dersom noko skulle skje
📞 Kontakt
Har du spørsmål eller treng du kontakt med oss?
📧kontakt@kvam-esport.no
📱 Leiar Kvam E-sport – Jacob Neteland: 401 44 895 – jacob@kvam-esport.no
📱 Vaktansvarleg – Alexander Nitter: 941 46 854 – alexander@kvam-esport.no
