Kva er KvammaLAN?
KvammaLAN er ei samling i Øystese Idrettshall som blir arrangert kvar haustferie. Her kan alle data- og gaminginteresserte samlast for å spele saman, vere sosiale og delta i konkurransar arrangerte av KvammaLAN-styret, som er eit understyre i Kvam E-sport.
LAN-et varer i totalt 72 timar, der deltakarane tek med eigen PC eller konsoll og sit samla i hallen gjennom heile arrangementet. I løpet av desse 72 timane legg Kvam E-sport og KvammaLAN-styret til rette for eit variert og sosialt program med både digitale og fysiske aktivitetar.
Det blir arrangert konkurransar og aktivitetar i spel som til dømes Fortnite, Minecraft, bilsimulator, flysimulator og andre bilspel. I tillegg til gaming vil det også bli arrangert fysiske aktivitetar og pausar frå skjermen, slik at deltakarane får ei variert og kjekk oppleving gjennom heile LAN-et.
KvammaLAN passar for alle som er interesserte i data, gaming og teknologi – uansett nivå. Du treng ikkje vere ein erfaren eller konkurranseretta spelar for å delta. Arrangementet er like mykje ein sosial møteplass som ein konkurransearena, og både nybyrjarar og erfarne spelarar er velkomne.
Arrangementet er rusfritt, og det er vaksne vakter og ansvarlege personar til stades heile døgnet. Me legg stor vekt på tryggleik, trivsel og respekt, og ønskjer å skape eit inkluderande og trygt miljø for alle deltakarar.
KvammaLAN blir arrangert av frivillige i KvammaLAN-styret, Kvam E-sport og andre eldsjelar. Målet med arrangementet er å skape ein trygg og sosial møteplass for gaminginteresserte i Kvam og nærområdet, der deltakarane kan knyte nye venskap, utvikle ferdigheiter og ha det kjekt saman
